Kvålsvoll Design Audio Forum

EnglishEnglish text EN    NorskNorsk text NO
Please or Register to create posts and topics.

Eit lite "review" av min opplevelse med Kvålsvoll design og produkta.

Var på ein demo av F205 og V110 for ei tid tilbake, og det har gjenoppliva interessa for musikk og god lyd.

Har aldri opplevd musikk på ein så engasjerande måte som denne demoen framviste.

Lydbildet var så klart og fritt for støy, at ein kunne spele mykje høgare volum utan at det føltes ubehagelig.

Høgt volum i seg sjølv er ikkje poenget, men nærværet av instrument og vokal vart ubeskrivelig.

Og for ein dynamikk, det råaste eg har høyrd. Meget stram, dynamisk og vanedannande bass.

Etter denne demo fekk eg ein ny forståelse av kor viktig eit presis og dynamisk bassystem er for heile lydbildet.

Bestemte meg umiddelbart for å investere i nytt utstyr.

Har no hatt 2 stk T6018 subbar med ein SA700 forsterker nokre veker.

Har fått uvurderlig hjelp med Kvålsvoll design til å "tune" sub i rommet, samt integrere det mot eksisterande fronthøgtalarar.

Dette er vel så viktig som sjølve produktet, for å oppnå eit godt resultat. Då samspill mellom sub/rom/fronthøgtalarar er utfordrande utan god kompetanse.

Bassen er no meget tilfredstillande, og har gitt ny inspirasjon til å høyre på musikk.

Det neste på lista no er eit par F205.

Har alltid vore opptatt av "Value for money", som har resultert i ein del sjølvbygg frå Dynabel.

Opplever produkta til Kvålsvoll design som "no-nonsense", her er det fokus på å formidle engasjerande musikk.

Produkta er ikkje basert på myter og "fakta" frå HiFi industrien, her er det nytenking og innovasjon.

 

Bjarte Myklebust

Takker for veldig god tilbakemelding, det er ikke alltid like lett å få tak på hva folk egentlig mener, når de er på besøk, alminnelig høflighet gjør at de fleste av oss helst sier noe fint, uansett hvordan ting egentlig er. Derfor er det nyttig å lese det du skriver her, nå når du har fått det litt på avstand og fått tenkt gjennom ting, og også fått på plass et bassystem med T6018.

Det er travle tider her hos meg nå, flere systemer skal klargjøres og leveres før jul.